Nytt teikneseriehefte med bidrag frå nettseriemiljøet
av arildtorvundolsen | 04.11.2011, 08:39 |
I haust vil alle skulebiblioteka på vidaregåande skular i landet få kvart sitt eksemplar av teikneserieheftet Sanning og draum frå Nynorsksenteret. Heftet er på 32 sider i fargar, og nettseriemiljøet er godt representert med bidrag:
- Les Inkwell bidreg med den spesialskrivne Paradis.no - attvitja
- Fredrik Rysjedal (Veslefrik) bidreg med Hr. Post-IT
- Øystein Sandvik Ottesen bidreg med to sider Havet
- Jorunn Hanto-Haugse bidreg med ei side Skulen og dei to forteljingane Draumen og Mykje vil ha meir
- Kristoffer S. Mathisen (Redmist) har laga framsideillustrasjonen
- Katarina Aasgaard Strømsvåg har laga baksideillustrasjonen
I tillegg er ringrevane Øystein Runde og Jens K. Styve representerte med to seriar kvar. De kan lesa heftet i ISSUU: Sanning og draum
Del på Facebook | Del på Twitter
1 kommentar
TSO skreiv:
Knall tiltak - og bladet ser veldig flott ut!
04.11.2011, 08:59:03